torsdag 30. september 2010

Kronprinsen på besøk ved Borgund Vgs

I dag har Borgund Videregående skole hatt besøk av Kronprins Haakon Magnus. Dette i høve Global Dignity Day,som har som mål å engasjere ungdom i tydinga av verdighet.
Dignity Day som er eit to timars undervisningsopplegg om verdighet, der eit utvalg av lærarar og elevar fekk delta. Rektor uttrykkjer følgjande:
"Utdanning i seg sjølv handlar om verdighet. Borgund
vgs er i hovudsak ein yrkesfagskole. Her lærer elevane eit yrke som dei snart skal praktisere til gagn for andre menneske, for eige livsopphald og vidare personleg utvikling. Å sette fokus på verdighet som ein del av utdanninga er difor heilt naturleg."

Norskundervisning for helsefagarbeidarar!

Kompetansemåla i yrkesfagleg utdanningsprogram har blitt meir yrkesretta.
Eg underviser framtidige helsefagarbeidarar i norskfaget, og sidan dei no skal ut i praksis, så har eg valgt å løyse dette på fylgjande måte.
Dei skal utforme sin eigen CV, og eit presentasjonsbrev der dei skal presentere seg sjølv for ei bedrift.
Dei skal også skrive ein rapport om praksisperioden, der dei skal ha med informasjon om arbeidsplass, arbeidsmiljø og arbeidsoppgåver. Dei skal også vurdere og oppsummere eigne erfaringar utifrå fylgjande punkt. Positive og negative opplevelsar i praksisperioden, fagleg utbytte, samsvar mellom teori og praksis, og er dette eit framtidig yrke for deg?
Dei vert vurdert utifrå kriteria,god struktur, rettskriving og vise at dei kan utforme ulike dokument etter mal.