Eg har fått ei utfordring på avdelinga der eg arbeider, Helse og sosialfag, Vg1. Der har dei utarbeidd eit årshjul som er basert på tema i programfaga. No vil dei gjerne ha med fellesfaga i årshjulet, og eg har fått i oppgåve og presentere korleis norskfaget passar inn her. Avdelinga er oppteken av at elevane skal sjå samanhengar i undervisninga, "den røde tråden".
Dette er spanande, og absolutt mogleg innan denne studieretninga. Saman med ein annan norsklærar på avdelinga har vi klart å plassere alle emna i norsk inn i årshjulet. Ekempel på dette er når tema er "Oppvekstsektoren - barn", så har vi lagt inn "Litteratur for unge lesarar" og "Sangtekstar", der stikkorda er barnebøker, barnesangar og språkutviklinga til barn. Under temaet "Arbeidsliv" har vi plassert "Nyttetekstar", som omfattar formelle brev, søknad, jobbintervju og rapport.
Elevane arbeider med mappeskriving i programfaget, og her vil vi inn med norskfaget. Der vi kan arbeide med rettskriving, struktur, og det å kunne uttrykkje seg tydeleg og presist. På denne måten får vi arbeide med fagtekstar i eige utdanningsprogram, iflg læreplan.
Ja, dette er mogleg.